tirsdag 31. januar 2012

RE:SOURCES

RE:SOURCES...
...skal vera ein del av RE:ACT si nettside.
Du skal kunne bla deg gjennom ulike ressurser som kan brukas til skulebesøk. For eksempel leiker, slides, quizer, songer, filmer, etc.

Målet er at me skal ha ei side på internett der me enkelt kan finna ulike aktiviteter eller ideer/produkter som brukas når me skal på skulebesøk.

Planen er å laga eit prosjekt der me setter av 3-4 kvelder i løpet av februar til å samle ideer og ressurser som kan bli brukt til denne sida.

Det me i RE:ACT Bergen tenkjer er at det hadde vore fint å fått ein frå Strømmestiftelsen (kanske deg?) til å vera med på ein av desse kveldane, helst ein av dei fyrste, både for å gje inspirasjon men og for å guide oss inn på rett veg. Eg trur det hadde vore bra for RE:ACT og andre som reiser på skulebesøk å ha forskjellige ressurser å ta av slik at dei slepper å begynne på bar bakke når dei blir spurd om å drive informasjonsarbeid på ein skule.

Forskjellige ressursar me tenkjer på:

- Powerpointer med oppdatert informasjon frå dei ulike prosjekta til strømmestiftelsen (Her kan me utfordre årets haldstudenter til å koma med informasjon og bilete).

- Leiker som kan bevisstgjera folk på nord/sør-problematikken, urettferdig handel, fattigdommen i verden, etc.

- Fått samlet ei liste av filmer som kan vera aktuelle å visa. Eventuelt linker til ulike YOUTUBE-videoer.

- m.m